Travel blogs by Travellerspoint

Vegen til Pondicherry :)

Fant ut at siden eg berre har planar om å vere ein dag i Agra, men 10 veker i Pondicherry som også er siste mål, så passa overskrifta vegen til Pondi betre enn vegen til Agra.

No er det altså ikkje mange timar att til avreise, og eg er passelig spent kan du sei! Svært mange sommarfuglar som har lyst ut... hehe...

I morgon kl 0655 sitt eg på flyet med nasa mot New Delhi (med eit par omvegar innom København og Wien vel og merke..) Slepp heldigvis alt stresset med fly til London!
Så, klokka 0010 lokal tid landar flyet og forhåpentligvis står d ein taxisjåfør der med eit skilt med namnet mitt på ;) Han skal då altså køyra oss til hotellet.

Skal prøva så godt eg kan undervegs å rapportera ifrå det som skjer. Uansett er det altid kjempemoro å få høyra korleis det går med folk heime i Norge; så ikkje tvil med å skriva eit par ord!

Ps! legg berre inn eit bilete frå Italia-turen for å sjå korleis det vert.

Posted by annehirth 06:51 Archived in Norway Comments (0)

(Entries 1 - 1 of 1) Page [1]